
FARDAL LUNDE
Refleksjonar
Frå visjon til helvette, og tilbake(?)
Etter nær to og eitt halvt år med knallhard utelivssatsing i Sogndal sentrum forsvinn også truleg det siste beinet i satsinga. Det å gå «all inn» i noko og ikkje lukkast gjev rom for både kritisk sjølvrefleksjon og kritisk bygderefleksjon. Kvifor vart det slik?
Jaget i kroppen
Det ulmar i magen og under huda er det til tider full krig. Uro og mangel på «ro i røvi» hindrar tilfredsheit. Kroppen er i konstant indre opprør og på jakt etter det neste som skal bli det beste.
Balanse
Kampen mellom privat og jobb står sentralt i mange sitt liv. Korleis prioritera tida når kjensla er at det knapt nok er tid til å henga fast i enden av taustumpen? For meg har denne hausten vore ein studie i ubalanse, og eg har ofte kjent på kampen mot klokka! Likevel har dette vore det beste året i mitt liv der det meste har klaffa både på jobb og privat. Korleis?
Mangel på sjølvkjensle
Dersom ein har tru på seg sjølv står ein i fare for å verta stempla som arrogant. Det er etter mitt syn mykje betre enn det motsatte. Det å ikkje ha tru på seg sjølv, det å ha dårleg sjølvkjensle vil vera til hinder for å kunne nå sine mål. I dag er det fort at eg hamnar i arrogant-kategorien, men eg har ikkje alltid hatt god sjølvkjensle og tru på meg sjølv. Faktisk er det først i dei siste åra at eg har fått den trua på meg sjølv som eg kanskje burde hatt før.
Prosjekt Sandnessjøen
Søndag 2. august 2015 satte eg meg på eit fly som hadde retning mot Nord Noreg. Bakgrunnen for at eg satte meg på det flyet denne søndagen var at eg ein månad tidlegare hadde teke eit val som skulle syna seg å verta heilt avgjerande for mi vidare karriere i hotellbransjen. Eg hadde eigentleg bestemt meg for å gå ut av hotellbransjen og returnera til skulebenken, men ein telefon frå Tina Våtvik Olsen endra alt.
SØT-samtalen
Eg har lenge meint at den tradisjonelle medarbeidersamtalen er død. Det er umogleg å vera ein høgt presterande leiar i dagens hektiske, teknologiske og stadig utviklande samfunn dersom du baserer din måte å leia enkeltmenneske på gjennom ein årleg samtale på ein drøy time. Som leiar er det viktig å finna verktøy som fungerer for både deg og dine tilsette. Sjølv meiner eg at min eigen SØT-samtale er eit slikt verktøy. Her skriv eg om kva denne samtalen er og kvifor andre leiarar bør vurdere det same!