FARDAL LUNDE

Konsulent & Rådgjeving

Behov for rådgjeving eller konsulent?

Eg høyrer gjerne frå deg om kva du og dine har behov for. På denne sida finn du oversikt over kva eg kan tilby, samt anna naudsynt informasjon. Eg høyrer gjerne frå deg om kva du og dine har behov for. Kanskje finn me grunnlag for samarbeid, og om me ikkje gjer det har me uansett fått ein hyggeleg kaffiprat.

Fagfelt:

  • Hotell og reiseliv

  • Leiarskap

  • Personleg utvikling

  • Næringseigedom

  • Eigedomsutvikling

  • Oppstartsselskap

  • Prosjektleiing

  • Rekruttering

  • Arrangement og events

Døme på konkrete oppgåver:

  • Verdi og strategi-workshop med leiarteam og tilsette

  • Samtalepartner/mentor for unge leiarar

  • Planlegging og gjennomføring av arrangement frå start til slutt

  • Utarbeide prosjekt- og konseptskisser

  • Prospekt

  • Endrings- og effektiviseringsprosessar

  • Søknadsskriving til prosjektmidlar og allmennyttige formål

  • Etablering av selskapsdokument i oppstart

  • Tekstarbeid som t.d. pressemeldingar

Pris

Pris etter avtale basert på omfanget på prosjektet. Tilbod på timesbasis eller som ei prosjektramme med eit definert beløp.

Kontakt meg gjerne for ein uforpliktande prat på erlend@fardallunde.no

Referansar

“Erlend Fardal Lunde har i heile sitt yrkesaktive liv, vist stort mot til å utvikle lokalmiljøet. Han har ei heilt spesiell evne til å bygga gode lag. 

Trass sin unge alder, har Erlend Fardal Lunde hatt fleire leiarrollar. Direktør ved fleire hotell, restaurant- og pubetableringar, eigedomsutvikling og kommunepolitiker er oppgåver Erlend kan visa til. 

Det er sjeldan eg har møtt ein so samfunnsengasjert leiar som har so sterkt ynskje og evne til å utvikle. I sitt leiarskap har han og vist at det er viktig å gi alle ein moglegheit. Rekruttert og posisjonert.

- Rasmus Mo, EinMannAleine

“Sogn og Fjordane Næringsråd har samarbeida tett med Erlend Fardal Lunde ved fleire høve. Mellom anna i planlegg og gjennomføring av Generalforsamlinga vår i Balestrand i mai 2024. Vi har også hatt samarbeid om organisasjonsutvikling og diverse prosjektarbeid om det same tema.

Sogn og Fjordane Næringsråd er godt nøgd med det samarbeidet vi har hatt, og særleg det arbeidet Erlend gjorde med planlegging og gjennomføring av Generalforsamlinga vår på Kviknes Hotel i Balestrand i mai 2024. Der var Erlend både programleiar og leia dei politiske debattane på ein god, effektiv og konstruktiv måte.

Sogn og Fjordane Næringsråd ser fram til å samarbeide vidare med Erlend dersom tilhøva ligg til rette for det.”

- Bjørn Lødemel, Sogn og Fjordane Næringsråd