Gi prosjektet ditt
framdrift og energi

Erlend Fardal Lunde har lang erfaring med prosjektleiing og arrangement. Han tek eigarskap, samlar aktørar og leiar prosjektet ditt med profesjonalitet og stort engasjement.

Gjennom prosjekt innan næringsliv, reiseliv, kultur og samfunnsutvikling har Erlend Fardal Lunde bygd både kompetanse og nettverk som skaper verdi for kundar og samarbeidspartnarar.

“Det betyr mykje for meg å få jobbe med prosjekt som bidrar til utvikling, som påverkar folk og lokalmiljø. Eg blir full av energi og motivasjon av å jobbe med ulike menneske som vil noko meir.”

Driven av utvikling

Kva prosjekt kan eg leie?

Eg leier prosjekt som treng framdrift, men manglar kapasitet til å bli realiserte.

For meg handlar prosjektleiing om meir enn framdriftsplanar og milepålar. Det handlar om å samle dei rette menneska, skape eigarskap og sørgje for at prosjektet kjem trygt i mål. Eg tek ansvar, kommuniserer tydeleg og jobbar målretta for å levere resultat du kan vere stolt av.

Utvalde prosjekt

  • Etablering og opning av ViteMeir

  • Initiativtakar til Sogn U40

  • Etablering av Fjørarock

Kundereferansar

“Erlend leverte arbeidet på ein profesjonell og effektiv måte, og viste gjennom heile oppdraget ein positiv innstilling og god gjennomføringsevne. Han handterte oppgåvene strukturert og løyste dei på ein trygg og tilfredsstillande måte. Vi opplevde samarbeidet som svært godt, og kan trygt anbefale Erlend til liknande oppdrag.”

Line Bjelde, Sognaklynga/Sogn Næring

“Det har vore ei glede å samarbeida med Erlend om å få på plass og få gjennomført ei stemningsfull og høgtideleg opning med talar, ministerbesøk, musikkinnslag og matservering. At arrangementet fann stad i maskinhallen til kraftverket, 1650 meter inn i fjellet, sette særleg store krav til logistikk og sikkerheit, som Erlend løyste svært godt.”

Hilde Zwaig Kolstad, Sunnhordland kraftlag

“Hard work beats talent,
when talent doesn’t work hard!”