Frå visjon til helvette, og tilbake(?)
Sogndal, på ein reflekterande spasertur i februar
Etter nær to og eitt halvt år med knallhard utelivssatsing i Sogndal sentrum forsvinn også truleg det siste beinet i satsinga. Det å gå «all inn» i noko og ikkje lukkast gjev rom for både kritisk sjølvrefleksjon og kritisk bygderefleksjon. Kvifor vart det slik?
Eg har kjent på presset etter eg kom heim. Det gjer noko med deg når du blir omtalt i same ordelag som «kometkarriere» og at tidvis kvart skritt du tek har media si interesse. Eg hadde aldri fantasert om at eg skulle gå frå å vera direktør på eit av Bergens største hotell til å levera selskap til oppbod og kjenna på slike enorme nedturar. Det var heller aldri min tanke å satsa stort på uteliv, eg visste for mykje om dei dårlege marginane i bransjen til å tenka slik. Samstundes vart ein fanga av augeblikket og av moglegheitene.
Så når ein no då står midt i den trulege avslutninga av det tredje utelivsselsskapet i Sogndal kjenner ein på mange kjensler. Eg kan kjenne meg flau, mislukka, forbanna, lei meg og att på til kan eg finne ro. Det krevjer ein del psyke å satsa, ikkje minst i utelivet. Helga me har vore gjennom, der eg ikkje har hatt utelivsselskap i drift, er første gong på 130 helger att eg ikkje har uroa meg for omsetningstal og korleis omsetninga påverka komande veke. Ord som «press», «stress» og «slitasje» blir slengt rundt seg i tide og utide, men eg kan love deg at du kjenner på alle tre orda når du ikkje veit om besøkstal og omsetning er nok til å dekke lønn eller holde skipet flytande på lang sikt.
Bygdedyr
Eg har vore kritisk til bygdedyr-mentaliteten lenge og trur det har ein medverkande årsak til at færre torer å ta sjansen. Det handlar ikkje om at eg vil omgi meg med «ja-menneske», men om at me er alt for små i Sogndal og Sogn til at å la ein mentalitet som byggjer på at «det er ikkje nøye om det går gale med meg, så lenge det går gale med naboen» få skikkeleg rotfeste. Kanskje må det gå ein generasjon for å få bukt med problemet?
Under Fjørarock i år fekk eg med meg nokre visdomsord på vegen:
«Det handlar ikkje om deg. Om du ikkje lukkast så er det ikkje di feil aleine, det handlar om bygdi. Skal me lukkast med noko i Sogndal må heile bygdi stå bak. Det gjeld utelivet, fotballen, det gjeld alt».
Eg er forsiktig med å gi andre skulda for at ein ikkje lukkast sjølv, men det ligg mykje sanning i utsagnet. Studenttala rasar i Sogndal, og Sogndalsfjøra ser meir ut som ein spøkelsesby enn det urbane og tette sentrumet bygdi treng for å gi livskvalitet til dei som bur her. Ingen kan sei at eg ikkje var med på å prøva, og eg håpar andre vel å ta opp hansken.
Å tora
Eg lukkast kanskje ikkje med alle satsingane, men eg håpar likevel å kunne inspirera andre til å ta sats. 75% av alle oppstartsbedrifter døyr innan 5 år. Det er heilt vanleg å ikkje lukkast med ei ny satsing, og me som bygd og region er avhengig av at folk torer å ta sats. Torer å gå på trynet. Det er kun slik me får fram den neste store vinnaren.
I haust har eg difor jobba med eit føredrag for å snakka om dette, det å tora og gå på trynet og feile. Er du interessert i å bestille meg inn anten for å snakke til studentar eller på ein konferanse, kontakt meg på erlend@fardallunde.no.